Ambassaden i Nairobi ser etter to praktikantar til hausten 2026

Vil du få eit unikt innblikk i utanrikstenesta og læra meir om FN, Kenya og Somalia?

Den norske ambassaden i Nairobi tilbyr to praktikantplassar hausten 2026, med oppstart 3. august. Søknadsfristen er 15. mars.

Føremålet med praktikantordninga er å spreia kunnskap om og interesse for arbeidet i utanrikstenesta. Som praktikant vil du få god innsikt i dei mange gjeremåla og oppgåvene ved ambassaden, og fleire sider av Noregs samarbeid med Kenya, FN (UNEP og UN-Habitat) og Somalia.

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna omfatta politisk og økonomisk rapportering, informasjons- og kommunikasjonsarbeid, bistandsforvalting, multilateralt arbeid, næringsfremjing, tilrettelegging ved vitjingar/arrangement, samt administrative og konsulære oppgåver.

Nairobi er ein av FNs hovudstader, og fleire FN- og multilaterale organisasjonar har sete her. Noreg har eit breitt samarbeid med Kenya, Somalia og FN. Praktikantane vil få eit særskilt ansvar for å styrkja vår interne og eksterne kommunikasjon kring dette samarbeidet.

Praktikantordninga er ikkje lønna men ambassaden utbetalar ei stipend som for tida er på 15.500 kroner i månaden. Stipendet kan kombinerast med støtte frå lånekassa.

Søknad skriven på norsk, CV, eksamensutskrifter/vitnemål, eventuelle attester og anna relevant informasjon, sendast til i ei samla til ambassaden ved emb.nairobi@mfa.no. Merk søknaden «Studentpraktikant Nairobi hausten 2026». 

 

Kvalifikasjonar

Det er ei føresetnad at søkjar oppfyller dei krava til studentpraktikantar som er skildra på heimesidene til Utanriksdepartementet, og aksepterer dei vilkåra som vert omtala der. Du må vera norsk statsborgar.

I vurderinga av kandidatar vil det verta lagt vekt på:

  • påbyrja studieløp ved univeristet eller høgskule
  • relevant fagleg bakgrunn og interesse for utanrikspolitikk
  • kjennskap til kenyansk og/eller somalisk og regional politikk, kultur og samfunn er ein føremon
  • personleg initiativ
  • analytiske evner
  • gode evner til både samarbeid og sjølvstendig arbeid
  • røynsle med sosiale medium og nettpublisering
  • særs god skriftleg framstellingsevne på norsk
  • særs gode engelskkunnskapar (skriftleg og munnleg)

 

Aktuelle kandidatar vil verta kalla inn til intervju.

 

Eventuelle spørsmål om stillinga kan rettast til noverande praktikantar på jens.hakon.slettemark.birkeland@mfa.no eller Henik.Hogberg.Adamsson@mfa.no