Den norske ambassaden er i ferd med å flytte til nye lokale. I samband med flyttinga vil ambassaden halde stengt for publikum i ein periode.
Me vil vere på plass i det nye kanselliet i 192 UN Avenue frå måndag 8. juni.
Konsulærsekjsonen opnar 15. juni.
I mellomtida gjer me merksam på at ambassaden er mellombels stengd for besøkjande og at sentralbordet vårt er mellombels ute av drift
Me ber om orsaking for eventuelle ulemper dette måtte medføre, og takkar for tolmodet i samband med flyttinga.
Ved naudstilfelle ber me om at de kontaktar UD sitt operative senter på telefon +47 23 95 00 00