Praktikantplass ved ambassaden i Tbilisi, våren 2026

Ambassaden i Tbilisi tilbyr ein praktikantplass for ein norsk student frå 15. januar til 15. juli 2026. Søknadsfrist er 24. september.

Målsetting med praktikantordninga 

Målsettinga med praktikantordninga er å gi kunnskap om arbeidet i utanrikstenesta. Praktikanten skal få brei innsikt i ambassadens arbeidsområde. Ambassaden i Tbilisi er ein liten stasjon, og praktikanten vil bli involvert i store deler av stasjonens verksemd. Ambassaden dekkar også Armenia.  

Ansvarsområde 

Under rettleiing vil praktikanten få ulike oppgåver knytt til ambassadens verksemd, herunder å følgje georgisk og armensk politikk og økonomi, og å skrive rapporter om dette. Praktikanten vil også ta del i oppfølgjing av ambassadens nettside/sosiale media, følgje diplomatane i møte med styresmaktene og andre samarbeidspartnarar, delta på relevante seminar/konferansar, samt bistå med kulturfremje og i administrative gjeremål. 

Føljande vilkår gjeld for praktikantopphaldet:  

  • Søkjaren må vere norsk statsborgar og medlem av norsk folketrygd.  
  • Søkjaren må studere på høgare utdanningsnivå, og det er ønskjeleg med søkjarar som har fullført bachelorgrad. Søkjaren må vere tilknytt ein lærestad (i Norge eller utlandet) som er godkjent av Lånekassen.   
  • Søkjaren kan ikkje ha vore studentpraktikant i utanrikstenesta tidlegare.  
  • Praktikantordninga er ikkje løna, men eit stipend på NOK 17,500 pr. månad blir gitt.  
  • Praktikanten er sjølv ansvarleg for å skaffe seg og betale for bustad og reise til/frå Tbilisi. 
  • God formuleringsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad.  

Slik søkjer du: 

  • Vi bed om at du sender søknadsbrev (maks ei side), CV og vitnemål samla i ei PDF-fil til emb.tbilisi@mfa.no.  Eventuelle spørsmål kan også rettast hit.   
  • Merk søknaden din (e-posten) «Praktikant våren 2026 – «Ditt fulle namn». 
  • Vi bed om at søknaden vert skriven på norsk.   

Vurderingskriterium: 

  • Når me vurderer søknadane kjem me til å legge vekt på relevant fagleg bakgrunn, sjølvstendigheit, gode samarbeidsevner og gode skriftlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk.  
  • Ambassaden vektlegg studiefagleg bakgrunn og relevant erfaring. Søkjarar med dokumentert interesse for- og kompetanse om regionen vil bli prioritert.  

Aktuelle søkarar vil bli invitert til intervju på Teams. 

Søknadsfrist er 24.09.2025 

Me ser fram til å ta imot din søknad!