Omregistrering av norsk statsborgerskap

«Omregistrering av norsk statsborgerskap

Skattedirektoratet har beslutta at samtlige personar utflytta frå Norge på 1960-talet og første halvdel av 1970-talet  og som seinare ikkje har vore bustadsregistrert i Norge, får omregistrert statsborgarskapet frå «norsk» til «ukjent» i Det Sentrale Folkeregister (DSF).

Omregistreringa vil omfatte personar som framleis  kan vere norske borgarar.  For dei personane dette gjeld og som i DSF står med statsborgarskap «ukjent» må utenriksstasjonane henvende seg til Skattedirektoratet som vil ta saka opp med det aktuelle skattekontor for å få verifisert statsborgarskapet.
Norske pass vert no utferda på grunnlag av det som er registrert i DSF.  Det betyr at norsk pass ikkje kan utferdast for denne gruppa før statsborgarskapet er verifisert.»