Generalkonsulatet i Murmansk stengjer mellombels

Utanriksdepartementet stengjer generalkonsulatet i Murmansk for publikumstenester frå og med 1. juli. Det vil opna igjen når situasjonen tillet det.

Det vil framleis vera vanleg drift av ambassaden i Moskva og generalkonsulatet i St. Petersburg.

– Rammene som generalkonsulatet i Murmansk har til å fremja norske interesser, har over tid blitt snevra kraftig inn. Vi kan ikkje ha vanleg drift når det er så godt som ingen aktivitet. Vi skal difor stengja generalkonsulatet mellombels, men vil opna igjen så snart situasjonen tillet det. Det er få utsikter til at situasjonen vil betra seg. Stenginga kan derfor bli langvarig, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Murmansk er ein spesiell region med eit sterkt militært nærvær. Dette pregar både forholda i regionen og rammene for arbeidet. Publikum kan frå 1. juli ta kontakt med ambassaden i Moskva og generalkonsulatet i St. Petersburg. Ambassaden i Moskva tek mellombels over konsulære og andre oppgåver i tenestedistriktet til generalkonsulatet i Murmansk. Det gjeld Murmansk fylke og Arkhangelsk fylke.

– Det er òg krevjande tider for dei to andre stasjonane våre i Russland, men situasjonen er ein heilt annan i Murmansk. Det er viktig for Noreg å ha ein stasjon i nord som kan fremja norske interesser. Stenginga er derfor mellombels, seier Huitfeldt.