Nært og omfattande samarbeid med Brasil

Ingvil Smines
Ingvil Smines Tybring-Gjedde Photo: Alexandre Loureiro

Den første «Norwegian-Brazilian Business and Science Week» er godt i gong i Brasil, med 14 arrangement fordelt på fire byar. Statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde frå OED har representert regjeringa på politisk nivå, og heldt opningsinnlegget på havseminaret onsdag.

I Rio de Janeiro har statssekretæren mellom anna hatt møte med sin brasilianske motpart i Gruve- og energiministeriet, Marcio Felix Bezerra. Tybring-Gjedde møtte også norske aktørar som er aktive i Brasil, både innan petroleumssektoren og innan fornybar energi.  

«Nærings- og forskingssamarbeidet bygger vidare på den allereie tette relasjonen vi har til Brasil. Dette er ein av dei største marknadane for norsk leverandørindustri, og det er heilt tydeleg at norsk kompetanse er etterspurt i Brasil,» seier statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde.  

Statssekretæren opna seminaret om elektrisitetsmarknaden tysdag morgon, og heldt avslutningsinnlegget på November-konferansen om ettermiddagen, og ho opna heildagsseminaret om hav som gjekk av stabelen onsdag. Tybring-Gjedde har også delteke på middagar og lunsjar med det norsk-brasilianske handelskammeret, NORWEP og GIEK. Og onsdag kveld stod ho for lanseringa av den rykande ferske Investment Report 2017, om norske investeringar i Brasil i perioden 2015-16. (Rapporten kan du lese her)

Norwegian-Brazilian Business and Science Week har fokusert på hav, inkludert både olje og gass, akvakultur og miljø. I veka inngår også seminar om finansiering av energisektoren, fornybar energi og utviklinga av elektrisitetsmarknaden, samt den femte November-konferansen, sentrert rundt forskning. 

Mandag 6. november var det offisiell opning i Brasilia, med ei mottaking i residensen der statssekretær for fiskeri og havbruk Davyson da Sousa deltok. Same dag var det møter på embetsnivå om både maritim transport og forretningsutvikling i polare strøk. Men veka starta allereie 31.oktober i Belem med eit seminar om biodiversitet i Amazonas, og eit om berekraftig mineral-utvinning. Seminar i Sao Paulo om finansteknologi no på fredag og om forskning og utvikling innanfor fornybar energi komande mandag markerer slutten.  

Dei 14 arrangementa som er samla under denne paraplyen, er eit felles løft som ikkje ville ha vore mogleg utan eit tett og nært samarbeid mellom ambassaden, generalkonsulatet i Rio og dei andre aktørane i «Team Norway». Både Innovation Norway i Rio, det norsk-brasilianske handelskammeret (NBCC), NORWEP og Abran (Rederiforbundet) har vore heilt naudsynte for både planlegginga og gjennomføringa av veka.