Travel and border information for Norway

Information in Norwegian / English

Draum om hausten - Foto:Julia Kudrjasjova
Draum om hausten Julia Kudrjasjova

Stor suksess for Fossefestivalen i Russland!

Jon Fosse er ein velrenommert norsk forfattar og dramatikar. Til forskjell frå Noreg og Europa, har han diverre vore lite kjend i Russland. Dette er ein av grunnane til at ambassaden i Moskva og generalkonsultatet i St. Petersburg sette seg føre å støtta ein teaterfestival med føremål om å til å fremje verka til Jon Fosse i Russland. Festivalen vekte mykje interesse i media og i teatermiljøet. Namnet Jon Fosse kling litt meir kjent i russiske øyro no enn før. Festivalen fekk positiv tilbakemelding frå dei norske deltakarane. Edmund Austigard, forlagsdirektør i Samlaget har sagt: «Å gjere Jon Fosse kjent i kultur- (og teater) landet Russland vil bli lagt merke til, og kan kanskje fremje hans kandidatur (til Nobelprisen). Slik sett skulle vi ønske at andre ambassadar kunne tenke langs same linjer.»

Fossefestivalen vart skipa til 6. – 10  april i Moskva og St. Petersburg. Festivalen opna på Meyerholdsenteret i Moskva, eit av dei sentrale teatersentra i Moskva. Dei frammøtte fekk samtala med sjølvaste Jon Fosse gjennom Skype. Både tilhøyrarane og dramatikaren sjølv var oppglødde. Jon Fosse sjarmerte med å fortelje om tilhøvet sitt til Russland og russisk kultur og svarte på mange spørsmål frå salen. Kunstnarisk leiar for senteret, Jelena Kovalskaja, var ordstyrar. Video frå festivalopninga kan ein sjå på YouTube.

Teatra som deltok på festivalen hadde allereie satt opp Fosseskodespel. På teatret «Skulen for dramatisk kunst» i Moskva kunne russarane møte Suzannah Ibsen i «Suzannah» framført av den kjende russiske skodespelaren Jevgenia Simonova, i rolla som den eldre Suzannah. Regissøren Aleksandr Ogorjov har sett opp både «Suzannah» og fire kortare stykkje «Leve hemmeleg», «Fridom,», «Der borte» og «Telemakos». Det tilreisande Kamal-teateret frå Kazan med regissør Farid Biktsjantajev fekk gjesta scena til teatret «Skulen for dramatisk kunst». Der vart ein fullsatt sal invitert inn i eit hus ved fjorden ein regntung sumardag. Sjølv om førestillinga «Ein sommars dag» vart spelt på tatarisk, eit jamstilt språk med russisk i republikken Tatarstan i Russland, var det ikkje tvil om at me alle var ein stad på Vestlandet. På teateret Skodespelarhuset, kunne ein også høyre korleis vinden bles over fjorden i «Namnet», sett opp av den finsk-russisk regissøren Joel Lekhtonen.

Den norske teatergruppa «De Utvalgte» kom også til Moskva med skodespelet «Skuggar». Dei gjesta det velrenommerte Vakhtangov-teateret som ligg i Moskva sentrum, midt på Arbatgata. Det gjorde inntrykk på fleire av dei russiske tilskodarane å sjå «Skuggar». Den norske teksten sto i sentrum, framført gjennom masker av barneandlet hengjande i lause lufta over scena, i ein limbotilstand mellom liv og død. På Lensovjet-teateret i Moskva var stemninga minst like mystisk og fascinerande. I tolkinga til regissør Butusov vart tilskodarane førde inn i ei mørk, sirkusinspirert draumeverd i «Draum om hausten». Etter framsyningane var det debattar og samtaler med tilskodarane, regissørane og skodespelarane.

I tillegg til skodespela på teatra, hadde festivalen sett opp eit fagprogram med forelesingar og diskusjonar. Dramaturg på Det norske teateret, Ola Bø og den personlege redaktøren til Jon Fosse forlagsredaktør i Samlaget Cecilie Seiness,  fortalde regissørstudentar og teaterfolk om Jon Fosse, om verka hans og oppsetjingane i Noreg. Teatergruppa «De Utvalgte» fortalde om sine erfaringar og arbeid med tekstane til Fosse. Teatergruppa spesialiserer seg i å nytta datateknologiske nyvinningar i scenekunsten. Diskusjonen som fann stad på Elektroteateret i Moskva kan ein sjå på Youtube.

Omtale i russiske media

Festivalen vekte stor åtgaum i russiske media. Den russiske TV-kanalen Kultura filma frå festivalopninga med Skype-intervjuet med Jon Fosse. Same TV-kanalen laga også ein reportasje om framsyninga av Skuggar i Moskva, der dei intervjua regissør Kari Holtan og andre representantar frå den norske teatergruppa «De Utvalgte». I St. Petersburg vart det også laga reportasje frå Lensovjet-teateret. Dei største russiske internettmagasina som til dømes Afisha Daily ,  Snob og Vasj Dosug skreiv positivt om festivalen. Ein av dei mest kjende og respekterte russiske regissørane, Jurij Butusov, let seg òg intervjue av Izvestia, eit av dei store russiske mediahusa. I intervjuet kan ein lesa om tilhøve hans til Fosse og om skodespelet «Draum om hausten» som går på Lensovjet-teateret i St. Petersburg. Det at kjende russiske teaterinstitusjonar som Vakhtangovteateret, Meyerholdsenteret og Elektroteateret, i tillegg til kjende personar i teatermiljøet, som regissør Jurij Butusov og skodespelaren Jevgenija Simonova deltok var med på å skape blest om festivalen. Kjende tidsskrift som litteraturportalen Gorkij og St. Petersburg teatermagasin publiserte gode intervju med Fosse. Fleire andre magasin som til dømes OK Magazine og The Vanderlust skreiv òg rosande om festivalen og verka til Jon Fosse. Det russiske teaterforbundet informerte også godt om festivalen gjennom sine informasjonskanalar.  Den store merksemda Fossefestivalen fikk i russiske media var i stor grad takka innsatsen til PR-byrået Komanda +1 som var leid inn for festivalen.

Omsetjarar opnar verda for folk

Dramaturg ved Det norske teateret, Ola Bø, spurde dei russiske deltakarane på festivalen kvifor Fosse ikkje er så kjend i Russland. Skulle ein ikkje tru at skodespela til Jon Fosse ville røre russarane? Ja, ein kunne jo tenkja seg at dei, av alle utlendingar, skulle ha dei beste forutsetningane for å forstå den norske dramatikaren. Russarane, som har ei så framifrå rik teater- og litteraturhistorie! Eit av svara er at tidlegare har veldig lite vorte omsett til russisk. Med nokre få unntak, har  verka til Fosse vore ein godt gøymd «løyndom» for den russiske teaterverda fram til no.

Omsetjarar opnar verda for folk. Med den nye samlinga omsetjingar av Jon Fosse sine teaterstykje opnar dei russiske omsetjarane døra til Jon Fosse si verd. Mellom to permar gøymer det seg mellom anna eit  gammalt kvitt hus der ei kone ventar på mannen sin som aldri meir kjem attende frå fjorden, i «Ein sommars dag». I ei anna stove sit ei høggravid ung jente saman med kjærasten sin og diskuterer kva ungen skal heite i «Namnet». På kyrkjegarden utanfor treff to sjeler kvarandre og minnes eit tidlegare liv i «Draum om hausten».

Den fyrste omsetjinga av skodespela til Jon Fosse vart gjort i 2000 av dramaturg og teaterkritikar Alla Rybikova. Ho omsette «Ein sommars dag», frå tysk til russisk.  Fyrst 13 år seinare fatta Farid Biktsjantaev på Kamal-teatret i Kazan og Aleksej Slusartsjuk på «Osobnjak»-teatret interesse for stykkje og laga nye oppsetjingar.

I 2002 tinga teaterfestivalen «Baltijskij dom» i St. Petersburg to skodespel, «Draum om hausten» og «Namnet», hjå omsetjar Vera Djakonova til ei større mønstring for dramatikken til Jon Fosse under festivalen. Omsetjingane vart støtta av Dramatikerforbundet. Den russiske regissøren Klim sette opp «Draum om hausten». Regissøren Aleksej Zlobin organiserte lesingar frå utdrag av «Namnet». Det same gjorde regissørkollegane hans Aleksej Jankovskij og Vadim Maksimov for «Ein sommars dag». Regissør Runar Hodne ved Nationaltheatret gjesta festivalen med oppsetjinga «Nokon kjem til å komme».

Skodespelet «Draum om hausten» vart populært i Russland. Både Aleksej Slusartsjuk på Dramateatret i Novokuznetsk og Jurij Butusov på Lensovet-teatret sette opp skodespelet i høvesvis 2007 og 2015.

Året etter laga omsetjar Jelena Ratsjinskaja ein presentasjon av skodespela til Fosse: «Eg er vinden», «Suzannah», monologen «Leve hemmeleg» og dei kortare stykkjane «Telemakos», «Fridom» og «Der borte» for teatra i Moskva. Teatret «Skulen for dramatisk kunst» vart interessert. Fyrst ville dei arrangere lesnigar av monologen og kortare stykkje, for så å setje opp «Suzannah». Teatret tinga omsetjingane av desse skodespela som alle vart oppførde i 2017. Dramatikerforbundet støtta omsetjinga. Seinare same året sette Joel Lehtonen opp «Namnet» på Skodespelarhuset i Moskva. Arbeidet med «Namnet» inspirerte Lehtonen og han tinga ei omsetjing av «Nokon kjem til å komme» hjå Vera Djakonova i 2017. Dramatikerforbundet støtta igjen omsetjinga.

I år, i samband med gjestespelet med teatergruppa De Utvalgte under Fossefestivalen i Moskva vart «Skuggar» omsett av Jelena Ratsjinskaja. Dette hadde heller ikkje vore mogleg utan stønad frå Dramatikerforbundet.

Deretter omsette Vera Djakonova og Jelena Ratsjinskaja  to skodespel til, «Barnet» og «Eg er vinden». NORLA støtta begge omsetjingane. Omsetjingane av alle skodespela vart samla saman til ein ny antologi som har fått namnet «Når ein engel går over scena», etter eit av dei mest sentrale essaya til Jon Fosse om teaterkunsten. Til saman inneheld den nye samlinga tolv skodespel. Det russiske forlaget AST gav ut samlinga.

Mange russarar har bite seg merke i bokomslaget som visar den russiske skodespelaren Jevgenia Simonova i rolla som den eldre Suzannah i stykkje med same namn. Simonova er om lag like kjend som Wenche Foss var i Noreg. Bøkene var gitt gratis til utdanningsinstitusjonar, teater og regissørar i Russland for å spri kjennskapen til Fosse sine verk.

Teater og litteratur er knytt saman

Med den nye skodespelsamlinga har tekstane til Fosse vorte meir tilgjengelege for den russiske teaterverda. Likevel er festivalen vel så viktig i ein litterær samanheng. Forlagsdirektør i Samlaget, Edmund Austigard, deltok på Fossefestivalen i Moskva. På vegne av Samlaget har han skrive om kvifor Fossefestivalen er viktig, sett frå eit norsk litteraturperspektiv.

 

Edmund Austigard, forlagsdirektør i Samlaget

Når den norske ambassaden og teatra i Moskva og Sankt Petersburg vil heidre Jon Fosse med eigen festival i Russland, er det viktig at Samlaget følger opp. Jon Fosse debuterte som romanforfattar på Samlaget i 1983, som dramatikar i 1994. Samlaget har mao. følgt Fosse og hans utvikling i 35 år. Han har totalt gitt ut 60 bøker på Samlaget, og bøkene er omsette til 40 språk. Han er fortsatt mest kjent som dramatikar, men både lyrikken og romanane hans er i ferd med å vinne ry internasjonalt. Han skriv nå på eit storverk han kallar Septologien (sju korte romanar) som skal lanserast i Frankfurt i 2019 på minst 10 språk samtidig. Det er laga over 1000 teateroppsetjingar basert på Fosse sine tekstar. Fosse er ein reell Nobel-pris kandidat. Det er nok litteraturen han har skrive, og den han skriv på nå som vil avgjere om han nokon gong når endå lengre ut og kanskje får prisen.

Men om vi tenker reint taktisk er det initiativet ambassaden har teke i Russland med på å fremje forfattarskapen hans og norsk litteratur. Å gjere Jon Fosse kjent i kultur- (og teater) landet Russland vil bli lagt merke til, og kan kanskje fremje hans kandidatur. Slik sett skulle vi ønske at andre ambassadar kunne tenke langs same linjer. Også om annan norsk litteratur og kultur. I Samlaget la vi også vekt på å førebu lanseringa av Septologien når vi var i Russland. Vi har fått snakka med fleire journalistar og bransjefolk om dette verket, og slik bidreg festivalen til å skape interesse og forventning både til Triologien som snart kjem på russisk og Septologien. Dessutan verkar det viktigare enn på lenge å delta på eit slikt tiltak for å møte folk og utveksle kultur. Lære av kvarandre og snakke. Vi er nabofolk.

 

Teater og litteratur – viktige plattformer for meinings- og kulturutveksling

Teaterscena i Russland er ein viktig del av ikkje berre kulturlivet, men også rommet for frie ytringar i landet. Russisk teater er den delen av kulturlivet som har vorte utsatt for mest press frå styresmaktane den siste tida. Likevel er det eit yrande og rikt teaterliv i Russland. I Russland er teater populært hjå eit breitt lag av folket. Teaterscena ein viktig plattform for både meinings- og kulturutveksling.

Når hovudpersonane i «Ein sommars dag» uttrykkjer uro for uvêret ute på fjorden på tatarisk, når den framtidige familien diskuterer norske namn til ungen i «Namnet» eller når Suzannah Ibsen mimrar om vegen til Teaterkafeen, rører det ved noko heimleg i ei norsk sjel. Samstundes er det noko som er ulikt. Familien pratar saman på ei litt annan måte. Suzannah ter seg litt annleis og uttalar norske stadnamn med russisk aksent. Likevel skin stemninga og samfunnsverdiane frå originaltekstene igjennom. Norsk og russisk kultur møtest, og skapar noko heilt nytt.

 

Skrive av: Presse- og kulturmedarbeidar Silje Dalehaug med innspel frå tolk, omsetjar og kulturmedarbeidar Jelena Ratsjinskaja.

Godkjend av: Ministerråd Olav-Nils Thue