Travel and border information for Norway

Information in Norwegian / English

Intervju med praktikant Sofie May Rånes ved det norske generalkonsulatet i St. Petersburg

Kvifor søkte du praktikantstilling i St. Petersburg?

Eg har ein bachelorgrad i Russlandstudier frå Universitetet i Oslo og å søkje praktikantplass ved Generalkonsulatet var eit heilt naturleg val for meg. I fjor budde eg i Velikij Novgorod, ein by ca. tre timar utanfor St. Petersburg. Eg var rett og slett ikkje klar for å forlate Russland. Å få moglegheita til å sjå korleis ein jobbar på utanriksstasjonen i St. Petersburg vart redninga mi. Peter, som byen ofte vert kalla av dei som bur her, er kulturhovudstaden i Russland, med teater, opera, konsertar, museum, og ikkje minst fantastisk arkitektur! Stasjonen i St. Petersburg er liten, og som praktikant her får ein prøvd seg på mange ulike arbeidsområder.

Korleis ser ein typisk arbeidsdag ut, og kva er arbeidsoppgåvene dine?

På generalkonsulatet får ein innblikk i korleis konsulatet jobbar med kultur, miljø og næringsliv, samfunn og politikk. Ein typisk arbeidsdag er ikkje einsbetydane med kontordag. «Nordiske veker», eit samarbeidsprosjekt mellom dei nordiske landa, har nettopp starta i St. Petersburg. Under desse vekene promoterer me nordisk kultur. Det er altså mange spanande folk å møte og arrangement å delta på. Allereie den første veka på generalkonsulatet fekk eg møte guvernørane i Leningrad fylke og St. Petersburg, delta på kanonskyting på Peter og Paul festningen og eg fekk mange nye kjennskap. Elles er det ulike arbeidsoppgåver som å publisere i sosiale medier, lese nyhende, holde presentasjonar, delta på møter og skrive rapportar og talar. Det er rett og slett veldig variert arbeid og mykje nytt å læra, kvar dag!

Kva gjer du på når du ikkje er på jobb?

I St. Petersburg er det alltid noko som skjer. Sidan eg byrja som praktikant har ettermiddagane vore travle, enten med besøk, eller arrangement på ettermiddagane. Likevel har eg hatt tid til å utforske byen både over og under bakken, til fots og med kanalbåt. I sentrum manglar det heller ikkje på kafear og restaurantar. Sjølv er eg vestlending og behovet for å sjå skog og hav vert ikkje mindre av å bu i St. Petersburg. Dei dagane det ikkje er altfor mykje regn, er det supert å kunne leige bil eller ta buss til Finskebukta. Ein 40 minuttar kjøretur utanfor byen. Her får ein også sett Russland utanfor dei store byane, noko som i seg sjølv er utrulig interessant.

Noko du vil sei til slutt?

Etter å ha budd i St. Petersburg i snart to månader trur eg at ein liten del av meg alltid kjem til å høyre heime her i Russland. For dei som er interessert i å søkje praktikantplass i Russland, kan eg verkeleg anbefale Generalkonsulatet i St. Petersburg. Teamet på konsulatet er alle dyktige og erfarne folk. Ein treng ikkje vera redd for å stilla spørsmål eller be om hjelp. Dette er ei erfaring det er verd å ta med seg vidare!