Château de la Muette, OECD sitt hovudkvarter

Mange internasjonale organisasjonar har flotte signalbygg av kjende arkitektar, med utstrakt bruk av stål og glas. Derimot er det ikkje mange som held til i eit slott. Det gjer OECD. Og i sidebygningen til slottet bur den norske delegasjonen.

Til venstre: konferansesenteret og den norske-delegasjonen, til høgre: Château de la Muette. Foto:OECD

Château de la Muette er eit slott som ligg i utkanten av Boulogne-skogen i Paris. Det har vore kongeleg residens, jakthytte, privat konsert- og festsal, museum for raritetar, militærbase og familieheim. Château de la Muette har ei lang historie, i dag er det OECD sitt hovudkvarter.

I mellomalderen hadde dei franske kongane ei jakt-hytte der Château de la Muette står i dag. Det var i passeleg avstand frå Paris, og ein fin base for å jakte hjort i Boulogne-skogen. Seinare har tre slott blitt bygde på den same staden.

Det første slottet

På slutten av 1600-talet blei jakthytta bygd om til eit lite slott for Prinsesse Margrete av Valois, seinare mest kjend som dronning Margot (Reine Margot), kong Henrik IV si første kone. Dette slottet blei verande ein del av dei kongelege eigendomane frå 1606 til 1792.

Det andre slottet

I 1716 flytta hertuginna av Barry inn i slottet. Ho var dottera til den franske regenten, hertugen av Orléans. Kun tre år etter døyde ho, og slottet blei overført til den 9-år gamle sonen: Kong Ludvig XV. Ti adelige barn blei født her mellom 1724 og 1734. Kanskje blei det for mykje barne-skrik, for etter dette brukte kongen slottet til å oppvarte elskarinnene sine, blant anna Madame de Pompadour og dei tre søstrene Nesle. Med hjelp av tidas mest kjente arkitekt, Ange-Jacques Gabriel, bygde kongen om heile slottet mellom 1741 og 1745.

I 1764 overtok Ludvig XVI slottet, og den unge bruda hans, Marie-Antoinette, budde her då ho først kom til Frankrike. Her skal dei ha hatt dei lykkelegaste åra av sine liv, barnlause men med hovuda på rett stad….

Også i slottshagen skjedde det mykje. Antoine-Augustin Parmentier (1737-1813) fekk løyve av Ludvig XVI til å starte eit nytt eksperiment: plante poteter. Det var allment kjent at poteta ikkje var eigna til menneske-føde, då kunne ein bli spedalsk eller få andre sjukdomar. Parmentier klarte likevel å få folk til å ta poteta i bruk til mat, og har gitt namn til den franske retten hachis parmentier.

Andre kjende personar fekk òg bruke hagen; den første bemanna varmluftballongen steig til vers derfrå i 1783. Brørne Montgolfier laga ballongen, og pilotane heitte Pilâtre de Rozier og Marquis d’Arlandes. Dei flaug heile 100m over bakken men måtte lande i Paris etter 9 km fordi ballongen nesten tok fyr.

Etter Ludvig den XVI si tid, blei slottet dårleg vedlikehalde, og i 1793 blei det rive ned.

Det tredje slottet

Etter den franske revolusjonen blei eigendomen oppdelt og seld på auksjon. I 1912 selde den dåverande eigaren, familien Franqueville, mykje av eigendomen til byen Paris. Nye bustader blei bygd, og området utvikla seg til eit «fasjonabelt» strøk. Franqueville er i dag namnet på ei av gatene som går langs slottet, og framleis sett på som ei flott gate.

I 1921 kjøpte baron Henri Rothschild store deler av eigendomen ved la Muette, og bygde eit nytt slott med hjelp av arkitekten Lucien Hesse. Slottet fekk dermed utforminga vi kjenner i dag. Baron Rothschild var ein skriveglad mann, men ville ikkje at det skulle vere vide kjent. Han gav derfor ut noveller under pseudonymet André Pascal. Dette er i dag namnet på gata, og postadressa til OECD.

Då andre verdskrig braut ut flytta Rothschild, som var jøde, til Sveits. Den tyske marinen okkuperte slottet heilt til dei allierte styrkane overtok lokala etter frigjeringa.

Då Marshall-hjelpa skulle fordelast etter krigen, blei Château de la Muette dermed det naturlege samlingspunktet for arbeidet. For å administrere den økonomiske hjelpa som kom frå USA, og promotere eit sterkare europeisk økonomisk samarbeid, blei organisasjonen OEEC (Organisation for European Economic Cooperation) oppretta. I 1948 kjøpte OEEC eigendomen av arvingane til baron Henri Rothschild.

I 1961 endra OEEC namn til OECD (Organisation for Economic Co-operation and Development). Hovudkontoret ligg framleis i Château de la Muette, og mange av dei tilsette har kontor i bygningane rundt. Konferansesenteret, der dei fleste OECD-møta blir gjennomførde, ligg under jorda i slottshagen.

Den norske delegasjonen, midt i smørauget eller som plomma i egget.

Av dei 35 medlemslanda i OECD, er det kun den norske delegasjonen som har lokala sine inne i hovudkontoret til OECD. Dei andre delegasjonane er spreidde over heile Paris.

Vi har kort veg til møta i konferansesenteret, og besøkande frå Norge kort veg for å stikke oppom å helse på, eller til å førebu møter i lag med delegasjonen. Dette gjev delegasjonen ypparlege arbeidstilhøve, vi er plassert midt i smørauget!

(Artikkelen var første gong publisert i UD-posten nr. 2, juni 2014).