Praktikantplass hjå ambassaden i Buenos Aires

Empleados Embajada - Foto:Ambassaden
Staben ved Den kongelige norske ambassade i Buenos Aires 2019

Er du ute etter ei spennande erfaring og eit unikt innblikk i korleis utanrikstjenesta fungerar? Ambassaden i Buenos Aires lyser ut ein praktikantplass med tilsetjingsdato 24. juli 2020. Ambassaden dekker også Uruguay, Paraguay og Bolivia. Søknadsfrist er 1. mars.

Eit praktikantopphald på ambassaden gir eit verdifullt og variert innsyn i arbeidet ved ein utanriksstasjon. Studentpraktikanten deltek i ambassadens daglige virke, og vil derfor få svært varierte oppgåver. Døme på arbeidsoppgåver er å skrive rapportar, delta på møter og bidra i samband med tilrettelegging av besøk og kulturarrangement, samt bruk av sosiale medier og nettpublisering.

I vurderinga av søkarar vektleggast faglig bakgrunn, sjølvstende, gode samarbeidsevner, pålitelegheit, samt muntlig og skriftlig framstillingsevne. Aktuelle kandidatar bør ha kjennskap til Latin-Amerika og gjerne erfaring fra regionen, samt ha svært gode, dokumenterte spanskkunnskaper. God kjennskap til norsk utanrikspolitikk er viktig, men kunnskap og interesse for kultur, næringsliv og menneskerettigheitsspørsmål er også ein fordel.

Kandidatane må ha status som student på det tidspunktet dei er praktikant. Kandidatar som har fullført ein bachelorgrad kan bli vurderte dersom dei har til hensikt å videreføre studiet med sikte på ein mastergrad etter praktikantopphaldet. Kandidatar med fullført mastergrad kan også bli vurderte dersom dei har planlagt vidare studier (års-, post-, eller doktorgradsstudier). 

Praktiske opplysningar:

Studentpraktikantordninga er ulønna, men ambassaden utbetalar eit stipend som pr. i dag utgjer 9 500 ,- NOK pr. månad. Studentpraktikanten må sjølv dekke sine reise- og boligutgifter. Ambassaden kan dessverre ikkje formidle bolig, men noverande studentpraktikant kan bistå med informasjon.

Praktikantopphaldet er på 6 månadar med tilsetjingsdato 24. juli 2020. Opphaldet varer frå 24. juli 2020 til 22. januar 2021.

Kvalifikasjonar: 

  • Praktikanten må vere i eit utdanningsløp som student tilknytta ein godkjend lærestad, eller med planar om å videreføre studiet etter praksisperioden.
  • Aktuelle kandidatar må ha kjennskap til Latin-Amerika og gjerne erfaring frå regionen.
  • Praktikanten må ha svært gode spanskkunnskaper. Spesifiser ditt spansknivå i CV.
  • Praktikanten må vere initiativrik og fleksibel, samt ha evne til å kunne jobbe sjølvstendig.

Det er eit krav at praktikanten har norsk statsborgerskap og kan dokumentere medlemskap i folketrygda, samt ha gyldig sjuke- og ulykkesforsikring under opphaldet. Den aktuelle kandidaten kan ikkje ha vore studentpraktikant i utanrikstjenesta tidlegare.

Søknadsprosedyre:

  • Søknad med relevante vedlegg (CV, attestar og vitnemål) sendast til [email protected] innan 1. mars.
  • Søknad merkast «Praktikantopphold ved ambassaden i Buenos Aires».
  • Vennligst inkluder namn på referansepersonar med kontaktinformasjon (telefon og e-post-adresse) i CV.

Fleire opplysningar om praktikantstillinga kan fås ved henvendelse til noverande studentpraktikant Oda Flaten Lødemel: [email protected]

Les meir om Studentpraktikantordninga her:

https://www.regjeringen.no/no/dep/ud/dep/studentpraktikantordningen/id485910/