Ambassaden i Tallinn søker studentpraktikant

Tallinn (3).jpg
Tallinn. Foto: Triinu Paist-Palm

Den norske ambassaden i Tallinn tek no imot søknadar til praktikantopphald våren 2018. Praktikantopphaldet varer inntil seks månadar, med tiltreding i byrjinga av januar. Søknadsfrist er 11. oktober.

Om ambassaden         
Ambassaden i Tallinn har to utsendte medarbeidarar og seks lokalt tilsette. Ambassaden har eit høgt aktivitetsnivå, og som praktikant vil du få eit godt innblikk i korleis ein norsk utanriksstasjon arbeider. Europapolitikk, sikkerheitspolitikk, NATO, forholdet til Russland, økonomi, og kultur- og næringssamarbeid er sentrale interesseområde.

I rolla som praktikant vil du bli involvert i ambassadens daglege gjeremål og hjelpe med blant anna politisk og økonomisk rapportering, førebuing og deltaking på arrangement, kultursamarbeid, og informasjonsarbeid (via ambassadens heimeside og sosiale medier). Det blir og lagt vekt på at praktikanten skal få ei så brei innsikt som mogleg i ambassadens verksemd, samt i utanrikstenestas organisering og oppgåver.

Republikken Estland fyller 100 år i 2018 og har ei spennande historie som speglast i det mangfaldige arkitektoniske uttrykket i Tallinn. Byen har ein av dei best bevarte bymurane i Europa, og gamlebyen er på UNESCOs verdsarvliste. Ambassaden har ei fantastisk plassering i kanten av gamlebyen med god tilgang til alt Tallinn har å by på av spennande attraksjonar, samt ei rekke gode kafear og restaurantar. 

Kvalifikasjonar
Praktikantplassen er open for studentar under utdanning der relevant fagleg bakgrunn vil bli vektlagd. I tilfelle der vedkommande har fullført sin bachelorgrad og for tida ikkje deltek i eit studieprogram, kan søkjaren likevel bli vurdert om søkjaren har til hensikt å fortsette studiet med sikte på ein mastergrad etter praktikantopphaldet. Gode kunnskapar i norsk og engelsk er eit krav. I tillegg er kunnskap om og interesse for Estland, EU og forholda i regionen ein fordel.

Det er ein føresetnad at praktikanten har norsk statsborgarskap, gyldig pass – og er medlem av Folketrygda under heile opphaldet. Praktikanten må sjølv sende søknad om medlemskap i norsk folketrygd til NAV Internasjonalt for å oppretthalde medlemsskapet under utanlandsopphaldet. Søkjarar kan ikkje tidlegare ha vore praktikant ved ein norsk utanriksstasjon.

Praktisk

Praktikantopphaldet er med ønska tiltreding første halvdel av januar. Opphaldet er ulønt, men praktikanten vil få eit stipend på ca. 10 000 kroner per månad for å dekke utgifter til bustad og livsopphald. Praktikanten har sjølv ansvar for å finne bustad, men dei siste åra har den norske praktikanten hatt moglegheita til å dele leilegheit med dei danske praktikantane. 

Praktikantopphaldet kan i tillegg kvalifisere for stipend igjennom Erasmus+. Om du ynskjer meir informasjon bes du ta kontakt med internasjonal koordinator på din noverande utdanningsinstitusjon og besøke: https://www.utdanningiverden.no/studieprogram/erasmus-praksisopphold.

Søknadsfrist er onsdag 11.oktober. 
Kortfatta søknad vedlagd CV og karakterutskrift sendast til ambassaden på e-post: emb.tallinn@mfa.no. E-posten merkast med «Praktikant vår 2018 – DITT NAMN» i emnefeltet.  Aktuelle kandidatar vil bli invitert til intervju per Skype eller telefon. 

Eventuelle spørsmål kan rettast til noverande praktikant Erik Kursetgjerde på e-post erik.kursetgjerde@mfa.no

Vi ser fram til å høyre frå deg!