Real Embajada de Noruega en Buenos Aires. - Foto:Real Embajada de Noruega en Buenos Aires
Praktikantopphald våren 2024. Real Embajada de Noruega en Buenos Aires

Utlysning praktikantopphald våren 2024

Vil du vere studentpraktikant ved ambassaden i Buenos Aires? Er du ute etter ei spennande erfaring og eit unikt innblikk i korleis utanrikstjenesten fungerar? Ambassaden i Buenos Aires utlyser ein praktikantopphald fra 15. januar til 12. juli 2024. Ambassaden dekker også Uruguay, Paraguay og Bolivia. Søknadsfrist er 10. november.

Eit praktikantopphold ved ambassaden gir eit verdifullt og variert innsyn i arbeidet ved ein utanriksstasjon. Studentpraktikanten deltek i ambassadens daglige virke, og vil derfor få svært varierte oppgåver. Døme på arbeidsoppgåver er å skrive rapportar, delta på møter og bidra i forbindelse med tilrettelegging av besøk og kulturarrangementer, samt bruk av sosiale medier og nettpublisering.

I vurderinga av søkarar vektleggast faglig bakgrunn, sjølvstendigheit, gode samarbeidsevner, pålitelegheit, samt muntlig og skriftlig framstillingsevne. Aktuelle kandidatar bør ha kjennskap til Latin-Amerika og gjerne erfaring fra regionen, samt ha svært gode, dokumenterte spanskkunnskaper. God kjennskap til norsk utanrikspolitikk er viktig, men kunnskap og interesse for kultur, næringsliv og menneskerettigheitsspørsmål er også ein fordel. Kandidatane må ha status som student på det tidspunktet dei er praktikant. Kandidatar som har fullført ein bachelorgrad kan bli vurderte dersom dei har til hensikt å videreføre studiet med sikte på ein mastergrad etter praktikantopphaldet. Som hovudregel skal kandidatar med fullført mastergrad ikkje vurderast, med mindre dei har planlagt viare studier (års-, post- eller doktorgradsstudier).

Praktiske opplysningar
Studentpraktikantordninga er ulønna, men ambassaden utbetalar eit stipend på 20 000,- NOK pr. månad. Studentpraktikanten må sjølv dekke sine reise- og boligutgifter. Ambassaden kan dessverre ikkje formidle bolig, men kan bistå med informasjon.

Praktikantopphaldet er fra måndag 15. januar til fredag 12. juli 2024.

Kvalifikasjonar: 

  • Praktikanten må vere i eit utdanningsløp som student tilknytta ein godkjend lærestad, eller med planar om å videreføre studiet med sikte på ein mastergrad etter praksisperioden.
  • Aktuelle kandidatar må ha kjennskap til Latin-Amerika og gjerne erfaring fra regionen.
  • Praktikanten må ha svært gode spanskkunnskaper. Spesifiser ditt spansknivå i CV.
  • Praktikanten må vere initiativrik og fleksibel, samt ha evne til å kunne jobbe sjølvstendig.

Det er eit krav at praktikanten har norsk statsborgerskap og kan dokumentere medlemskap i folketrygda, samt ha gyldig sjuke- og ulykkesforsikring under opphaldet. Den aktuelle kandidaten kan ikkje ha vore studentpraktikant i utanrikstjenesta tidlegare.

Søknadsprosedyre:

  • Søknad med relevante vedlegg (CV, attestar og vitnemål) sendast til emb.buenos.aires@mfa.no innan 10. november.
  • Søknad merkast «Praktikantopphald ved ambassaden i Buenos Aires».
  • Vennligst inkluder namn på referansepersonar med kontaktinformasjon (telefon og e-post-adresse) i CV.

Fleire opplysningar om praktikantopphald kan fås ved henvendelse til noverande studentpraktikant Louise Bjørnstad Vold: louise.bjornstad.vold@mfa.no eller til ambassadesekretær Christoffer Skarle: christoffer.skarle@mfa.no