325 millionar kroner til humanitær innsats i Tsjadsjø-regionen

Regjeringas bidrag skal dekke akutte behov for perioden 2018-2020, i tråd med føringane i regjeringa sin nye strategi for humanitær politikk.

Det kunngjorde utanriksminister Ine Eriksen Søreide under høgnivåkonferansen i Berlin i dag om krisa i Tsjadsjø-regionen, der Noreg er vert saman med Tyskland, Nigeria og FN. Konferansen i Berlin (Oslo II) er ein oppfylgjing av den humanitære høgnivåkonferansen som fann stad i Oslo i 2017 om Nigeria og Tsjadsjø-regionen.

Meir enn ti millionar menneske har behov for humanitær hjelp i Tsjadsjø-regionen. Det er naudsynt med fleire ressursar og trygg humanitær tilgong for å redde liv og verne sivilbefolkninga mot vald og overgrep. Kvinner, ungdom og barn er hardast råka. Regjeringa held fram engasjementet sitt i regionen og vil bidra med 325 millionar kroner til humanitære føremål for 2018-2020, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Den kriseråka regionen omfattar det nord-austlege Nigeria, delar av Niger, Tsjad og Kamerun.

Det er viktig å sjå samanhengen mellom humanitær innsats, langvarig utviklingsinnsats, konfliktløysning og fredsbygging, slik vi gjer i regjeringa sin nye strategi for humanitær politikk. Regjeringa vil vidareføre eit høgt nivå på utviklingsbistanden til Tsjadsjø-regionen og sikre eit godt samspel med den humanitære innsatsen, seier Eriksen Søreide.