Vil du bli studentpraktikant ved ambassaden i Lilongwe, Malawi?

Solnedgang ved Cape Maclear i Malawi. - Photo:Vanessa Mbamalu
Solnedgang ved Cape Maclear i Malawi. Photo: RNE v/ Vanessa Mbamalu

Er du interessert i å lære meir om utanrikstenesta og vere med når norsk utanriks- og utviklingspolitikk setjast i praksis? Den norske ambassaden i Lilongwe tilbyr praktikantopphald for éin norsk student første halvår 2020. Oppstart er i januar, og opphaldet varer i inntil seks månader. Eit praktikantopphald i Malawi vil gi deg eit unikt innblikk i eit spennande land som opplever rask utvikling. Søknadsfrist er 29. september.

Tenestestaden
Malawi er eit vakkert og hyggeleg land i søraustlege Afrika med omkring 18 millionar innbyggjarar. Landet er blant verdas fattigaste, men har eit gryande demokrati og eit stort utviklingspotensial innan blant anna landbruk og naturressursar. I arbeidet for å nå FNs berekraftsmål er Malawi eit partnarland for Norge og blant dei landa som mottar mest langsiktig støtte. Støtta går i hovudsak til å arbeide mot fattigdom, med vekt på utdanning, helse og landbruk, og til å styrke demokratiet og respekt for menneskerettane. Den norske ambassaden blei etablert i 1999, og yt konsulære tenestar for nordiske borgarar. Malawi er vanlegvis politisk stabilt, men resultatet av valet i mai 2019 var omstridt, og det har vore store demonstrasjonar i tida etter valet. Malawi har også store utfordringar knytt til blant anna låg økonomisk vekst, klimaendringar og høg befolkningsvekst.

Norge er per i dag ein av dei største bilaterale gjevarane i Malawi og ein sentral samarbeidspartnar for myndigheitene i landet, samt internasjonale og nasjonale organisasjonar og aktørar. Langsiktig og breitt samarbeid for å betre utdanningsmoglegheiter, helsetilbod, matsikkerheit, berekraftig utnytting av ressursar, menneskerettar og styrking av offentleg og privat sektor, gjer arbeidet på ambassaden både meiningsfullt og utfordrande. Sidan 2016 har ambassaden også vore sideakkreditert til Zambia.

Ambassaden har ein stab på 19 personar, der 7 er utsendte frå Norge og 12 er lokalt tilsette, og i tillegg ein praktikant. Du finn meir informasjon om ambassaden og ambassadens arbeid på vår nettside.

Arbeidsoppgåver 
Eit praktikantopphald ved ambassaden i Lilongwe vil gi deg ein unik moglegheit til å bli kjent med eit fredeleg og på mange måtar behageleg land. Du vil delta i ambassadens daglege gjeremål og utføre løpande arbeidsoppgåver innanfor dei fleste av ambassadens arbeidsområde. Praktikanten vil ha ansvar for ambassadens heimesider, sosiale medier og anna informasjonsarbeid. Som praktikant vil du også hjelpe ambassadens medarbeidarar i oppfølging av bistandsprosjekter, samt delta på møter med samarbeidspartnarar og myndigheiter. I tillegg vil praktikanten få moglegheita til å bli med på feltbesøk og konferansar.

Det blir lagt vekt på at praktikanten skal få brei innsikt i ambassadens verksemd og i utanrikstenestens organisering og oppgåver, samtidig som at praktikanten i samarbeid med leiinga kan velje eit fordjupingsområde.

Kvalifikasjonar
Praktikantplassen er open for studentar under utdanning. I tilfelle der vedkommande har fullført bachelorgrad og for tida ikkje deltek i eit studieprogram, kan kandidaten likevel bli vurdert dersom han/ho har til hensikt å vidareføre studiet med sikte på ein mastergrad etter praktikantopphaldet. Det vil bli lagt vekt på fagleg bakgrunn og søkarens motivasjon og nytte av eit opphald i Malawi. Det krevjast gode kunnskapar i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg. Kjennskap til og interesse for utviklingssamarbeid, politikk, økonomi og forholda i regionen er ein fordel.

Praktisk
Praktikanten må vere norsk statsborgar og ha gyldig pass for heile opphaldet. Praktikantplassen er ulønt, men dersom vedkommande ikkje mottek stønad frå Statens Lånekasse vil det tildelast eit månadleg stipend for å bidra til utgifter til bustad og livsopphald. Per dags dato er dette stipendet på NOK 12.000,-. Reise og opphald må dekkast av praktikanten sjølv. Det er ein føresetnad at kandidaten er medlem av Folketrygda og søker NAV om rett til utvida stønad til helsetenestar. For ytterlegare informasjon om ordninga visast det til informasjon på 
Utanriksdepartementet sine sider.  

Søknad
Søknadsfrist 29. september. Startdato er seinast 15. januar. Opphaldet varer i inntil seks månader. Kortfatta søknad, vedlagt CV og karakterutskrift, sendast til emb.lilongwe@mfa.no , med kopi til noverande praktikant Iselin Gangeskar Paris (
iselin.gangeskar.paris@mfa.no). Aktuelle kandidatar vil bli kontakta for Skype-intervju, og ambassaden tek sikte på å sluttføre prosessen i løpet av oktober 2019. 

Eventuelle spørsmål kan rettast til praktikant Iselin Gangeskar Paris eller ambassaderåd Bent Bakken (Bent.Bakken@mfa.no)