Security Information for Norwegians in Malawi

Antall valdelege demonstrasjonar og innbrot har auka kraftig etter presidentvalet i mai 2019. Innbrot førekjem i alle bustadområder, også i små hotell og gjestehus. I samband med val av bustad/overnattingsstad i Malawi bør førebyggande sikkerheitstiltak vurderast. Store demonstrasjonar kan bli arrangert på kort varsel. Nordmenn blir råda til å vise ekstra varsemd; følgje med på lokale media og følgje råd frå malawiske myndigheiter, unngå store folkemengder og unngå unødvendig ferdsel i og mellom byane mens demonstrasjonar føregår.