Security Information for Norwegians in Malawi

Varsel om nye demonstrasjonar

Human Rights Defenders Coalition (HRDC) har varsla demonstrasjonar i dei største byane 1-4. oktober. Demonstrasjonar, som også kan førekomme på andre vekedagar, kan medføre ulovlege vegsperringar, vald og anna kriminalitet. Nordmenn blir oppfordra til å vise ekstra varsemd; følgje med på lokale media og følgje råd frå malawiske myndigheiter, unngå store folkemengder og unngå unødvendig ferdsel i og mellom byane når demonstrasjonar føregår.