Travel and border information for Norway

Information in Norwegian / English

WFP  - Photo:Photo: Iselin Gangeskar Paris
Photo: Iselin Gangeskar Paris

Kontantstøtte hjelp fattige familiar i Malawi

Noreg bidreg med 52,7 millionar kroner til sårbare husstandar som har vorte særleg råka av dei negative økonomiske ringverknadane av Covid-19 pandemien i Malawi. - Dei økonomiske effektane av Covid-19 har ført nye grupper av folk ut i fattigdom og matusikkerheit. Noreg bidreg derfor til ei utviding av myndigheitene sitt kontantoverføringsprogram, slik at ein når ut til fattige i både byane og på landsbygda, seier Noregs ambassadør til Malawi Steinar Egil Hagen.

Noreg bidreg med 52,7 millionar kroner til sårbare husstandar. Mange av desse har mista inntekt frå arbeid til dømes knytt til turistsektoren. Støtta vil gi husstandane kontantoverføringar slik at dei kan dekke sine eigne grunnleggande behov, slik som mais, bønner og matolje. Undersøkingar av tilsvarande program viser at dette er ein effektiv måte å distribuere støtte til befolkinga, og studiar viser at mottakarane veit kva som bør prioriterast og at dei nyttar midlane til viktige innsatsvarer som vil bidra til å sikre matsikkerheita deira i desse krevjande tider. Programmet vil nå ca. 55 000 husstandar i dei mest utsette distrikta.

Programmet vil bli implementert og koordinert av Verdas Matvareprogram (WFP), som vil arbeide gjennom lokale partnarorganisasjonar og malawiske myndigheiter. WFP vil engasjere samarbeidspartnarar, som Malawis Røde Kors, for å gi fagleg støtte i dei målretta distrikta.

Avtalen blir signert onsdags morgon av Noregs Ambassadør til Malawi, Steinar Egil Hagen, og interim landdirektør for WFP i Malawi, Marco Cavalcante. Direktør M. Chimpego from the Department of Disaster Management Affairs var også tilstades. 

Malawi, som resten av verda, har møtt ein rekke økonomiske utfordringar som eit resultat av Covid-19. Det er særleg fire faktorar som har påverka økonomien negativt; nesten totalt bortfall av inntektene frå turisme, bortfall av pengeoverføringar frå malawiarar som arbeider i utlandet, mindre investeringar og nedgang i eksport av tobakk. Det er anslått at om lag 1,1 millionar menneske har hamna i midlertidig fattigdom.

Den norske støtta vil bidra til Malawi sin responsplan for Covid-19. Planen identifiserer ein rekke økonomiske og sosiale tiltak som skal skjerme dei mest utsette, særleg i den uformelle sektoren og små forhandlarar. Desse tiltaka er utforma slik at dei blir implementert som ein del av Malawis National Social Protection Plan gjennom ei utviding av det eksisterande kontantoverføringsprogrammet.

Det norske bidraget tek sikte på å fremje matsikkerheit blant utsette husstandar og hjelpe dei til å dekke sine eigne behov utan å måtte ty til negative meistringsmekanismar, som ulovleg hogst, ulovleg jakt eller tigging for å overleve. I gjennomføring av programmet vil WHO sjå til at tiltak for å hindre spreiing av Covid-19, som handvask, avstand og maskebruk, etterlevast strengt.